Peer Gynt-samarbeid viser samfunnsansvar
SpareBank 1 Gudbrandsdal og Gudbrandsdal Energi inviterte psykisk utviklingshemma i Gudbrandsdalen til opninga av Per Gynt-stemnet.
35 Gudbrandsdølar med psykiske funksjonshemningar fekk ekstra oppvarting da Peer Gynt-stemnet opna 28. juli. Dei var heidersgjestar da Dissimilis fekk overrekt årets Per Gynt statuett. Dissimilis får prisen for sin eineståande innsats nasjonalt og internasjonalt. Dissimilis blir den 40. Peer Gynt-vinnar.
- Vi som bedrifter har eit samfunnsansvar. Denne gruppa blir ikkje alltid like høgt prioritert, og det var naturleg å invitere til fest i samband med at Dissimilis fekk sin velfortjente pris, seier adm. og personalsjef Gunnveig W. Jacobsen i Gudbrandsdal Energi i pressemelding fra 28. juli 2010.
I tillegg til opningsforestilling, var alle invitert til middag i Anitras Lounge. Der fekk alle også møte Dennis Storhøi. Han tok seg god tid saman med gjestane, og alle fekk eit Peer Gynt program med hovudrolleinnehavaren sin personlige helsing.
- Vi fekk ei fin oppleving på Gålå. Gjestane ga tydeleg uttrykk for at dei sette pris på initiativet. Under utdelinga fekk vi også oppleve kva for ressursar medlemmer i Dissimilis representerer. Deira underhaldningsbidrag var med på å gje opningsforestillinga eit ekstra løft, seier assisterende banksjef Trond Slåen. (Fra pressemelding 28. juli 2010).
Det er første gongen at Peer Gynt har ei opningsforestilling på utandørsscena på Gålå. I tillegg til prisutdeling fekk publikum oppleve smakebitar frå Peer Gynt teateret, danseforestillinga TidarÅ, høgfjellskonserten Ved Rondane og nyskapinga Morgonstemning.
For detaljert program sjå www.peergynt.no
Les mer om Årets Peer Gynt her.
