OBOS ny samarbeidspartner for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret signerer i løpet av kort tid sin tredje samarbeidsavtale. Denne gangen med OBOS. Her er pressemeldingen:

 

Det Norske Teatret signerer sin tredje sponsoravtale. Denne veka blir det klart at OBOS går inn som treårig samarbeidspartnar i tidsrommet 2010-2013. Det Norske Teatret lykkast for tida i arbeidet med å auke eigeninnteninga gjennom samarbeidspartnarar – i tråd med Kulturdepartementets oppmoding.

- OBOS opplever Det Norske Teatret som det viktigste teatret i Oslo i dag. Med ein brei repertoarprofil tilfredstiller teatret kravet frå den breitt samansette medlemsgruppa som OBOS representerer. Medlemma våre er kulturinteresserte og vi merker at tilboda i kultursektoren er dei mest etterspurde og populære tiltaka vi formidlar. Med Det Norske Teatret som samarbeidspartnar vil vi kunne utvide våre medlemsfordeler, seier informasjonssjef Åge Pettersen i OBOS.

- OBOS er ein sentral samfunnsaktør med ei stor og variert medlemsgruppe. Denne medlemsmassen er kulturinteressert og vi veit at dei like gjerne oppsøkjer eksperimentelle framsyningar som dei meir breitt anlagte klassikarane som til ei kvar tid står på plakaten hos oss. Å innleie eit samarbeid med OBOS gjer Det Norske Teatret meir tilgjengeleg for eit større publikum og vi ser på dette som eit pluss i arbeidet med å auke appellen vår blant stadig nye potensielle teaterinteresserte, seier Astrid Driva Rødsand, direktør ved Det Norske Teatret, om samarbeidet med OBOS.

     

    Skrevet 17/11/2009 av EBH